Meny
Velg klasse Forside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Søknadsskjema
Søk om elevplass
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2022><<
august 2022
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oppgaver for FAU

Les mer om de viktigste oppgavene til FAU. 

Dette er de viktigste oppgavene til FAU:

  • Jobbe for et godt skolemiljø
  • Ta initiativ til sosiale aktiviteter for elevene
  • Informere og høre alle foreldre om aktuelle saker
  • Arrangere samlinger for foreldre og lærere
  • Samarbeide med elevrådet, rektor og lærere
  • Skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet

Kva er eit foreldrenettverk?

Svar:

"Foreldrenettverk" vil seie at foreldre til barn som er mykje saman, til dømes ein klasse eller eit klassetrinn, blir kjent med kvarandre og dannar eit nettverk. Dei har ein del kontakt og samvær og utvekslar erfaringar om daglegdagse og felles utfordringar knytta til ungdomsåra og foreldrerolla.

Foreldrenettverket legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med elevane i klassen. Dette verkar førebyggjande på fleire plan:

  • det aukar trivselen til både elevar og foreldre
  • det gir felles tilknyting til klassen/skulen
  • det legg grunnlaget for inkludering i det sosiale fellesskapet
  • det gir hjelp til utvikling av felles normer og reglar blant dei vaksne

Felles reglar

Foreldre i ein skoleklasse kan bli samde om felles reglar for ungdommane, og dei kan bli samde om å varsle kvarandre dersom det skulle vere noko på gang. Dei kan ikkje alltid vere heime eller tilgjengelege for ungdommane sine. Men med eit godt foreldrenettverk kan dei passe på barna for kvarandre. Dette skaper tryggleik både for ungdommar og for vaksne.

Dei fleste tenåringsforeldra vil møte mange av dei same utfordringane, frustrasjonane, gledene og bekymringane i denne tida. Dette kan det vere fint og lurt å snakke om med andre i same situasjon.

Skaper tryggleik

I og med at ungdommane veit at foreldra kjem saman, diskuterer og bryr seg om klassemiljøet og alle i klassen, vil dette gje tryggleik og føre til at dei blir litt meir medvetne på kva dei gjer. Det blir kanskje ikkje så lett å mobbe eller halde nokon utanfor, vere den første som tøffar seg med røyken eller den første som tar ein øl på fest når den tid kjem.Kjelde: Stavanger KFU